Om du kunne av Nina Eriksdatter, vinner av Dramatikk-konkurransen
Ung jente er, eller trur at ho er gravid. Men dramatikaren er ikkje først og fremst ute etter å bore djupt i dei etiske dilemma rundt alt for ung mor contra abort, men heller å sjå hovudpersonen Sara sin situasjon i ein variert sosial samanheng. Korleis blir nyheita eller mistanken sett i spel i venneflokken? Kva med den eventuelle barnefaren, skal han få vite noko før ho er heilt sikker, og korleis vil han reagere? Og foreldra, korleis vil dei ta det, hysteri, fordømming? Og kva utvegar finst det til å bli ”kvitt” problemet, ja dersom ho verkeleg er gravid altså? Desse og fleire andre spørsmål utforskast på ein elegant måte ved å gli teatereffektivt inn og ut av tenkte situasjonar.